lørdag 4. april 2009

Tranmere - Bristol Rovers

Tranmere - Bristol Rovers, 5. april kl. 16.00

I morgon går kampen Tranmere – Bristol Rovers av stabelen på Prenton Park. No er det diverre slik at denne kjem til å kome i skuggen av Manchester United – Aston Villa. Men her kjem ein liten førehandsreportasje.

Tranmere befinn seg for tida på ein flott 8. plass i League One. Bristol Rovers ligg på ein 14. plass. Ni poeng skiller dei to laga. Tranmere ligg fire poeng bak kvalifikasjonsplass, med ein kamp mindre spelt. Så dei er absolutt med på å kjempe om ein plass i Championship neste år. Bristol Rovers befinn seg i ingenmannsland. Dei vil nok verken rykkja opp eller ned. Tranmere kjem frå eit uavgjort resultat i Brighton til denne kampen medan Bristol Rovers kjem frå eit tap mot Huddersfield.
Tranmere vil nok i denne kampen sakne fråværet av Chris Greenacre. Han vart skada i John Achterburg’s testimonialkamp mot Everton førre måndag. Den tidlegare Stoke-spelaren har skort to mål denne sesongen, etter å ha vore ute med skader i store delar av sesongen.

Bristol Rovers vil igjen kunne nyte tenestane til vingen Jeff Hughes, som endeleg har returnert frå skade. I tillegg må nok Bristol Rovers igjen lene seg på Rickie Lambert. Spelaren, som kom frå Blackpool i 2006 er toppskorar i League One med ikkje mindre enn 25 nettkjenningar. To-millionarsspissen er nok ein heit kandidat til å kome på skoringslista denne kampen.


Rickie Lambert, skal han vere den avgjerane faktoren i denne kampen?
(Biletet er lånt frå Team Talk)

Tranmere-manager Ronnie Moore hadde dette å seia til BBC-radio før kampen:
”Denne sesongen startar på søndag for oss. Vinner vi kampen vår vil vi vere eit poeng ifrå kvalikken – so enkelt er det.
Vi veit at det kjem til å bli ein hard kamp. Vi må prestere vårt beste – viss vi spelar på vårt beste så er vi gode nok til å slå alle på dette nivået – det er sikkert.”

Ein ting er i alle fall sikkert. Dette kan bli ein thriller av ein kamp! Kven som vinn tør i alle fall ikkje eg å satse pengane mine på!

Ingen kommentarer: