søndag 5. april 2009

Premier League-søndag

I dag er det søndag, og det betyr som oftast eit par kampar i Premier League. I dag er det to kampar som står for tur. Nemleg:
Everton – Wigan kl 16.00
Manchester United – Aston Villa kl 17.00

Everton – Wigan
Everton manager Moyes ventar å ha Howard tilbake til dette møtet. Cahill er derimot meir usikker, han slit framleis med ein leggskade. Everton er framleis utan Arteta, men har i staden fått inn Baines som frispark-skyttar. Det er eit våpen eg trur dei vil nytte seg av også i denne kampen. Jo trivs også i Everton, og har putta tre mål på seks kampar. Kanskje han kan vere ein kandidat til å avgjere?

Wigan blir utan Amr Zaki. Han rakk ikkje internasjonal teneste for fedrelandet, Egypt. Zaki er som kjent på lån hos Wigan, frå den egyptiske klubben El Zamalek. Han har vore ein svært viktig del av Wigan so langt i år, med 10 mål på 25 kampar.

Dette er altså to klubbar som kjempar om Europa cup neste år. Dei befinner seg på respektive sjette og åttande plass. Wigan med moglegheit for sjuande plass etter runda, sia dei har ein kamp mindre spelt enn West Ham. Everton ligg på sjette plass, ein plass som gjev billett til Europa. Det kan derimot bli slik at sjuande plassen også vert Europa Cup-plass. Dersom Everton, Man U eller Chelsea møtest i FA-Cup finalen. Dersom begge laga i finalen er kvalifisert frå før, så går denne Europa-plassen over til ligaen. Det er kanskje denne plassen Wigan først og fremst skal slåss om. Det er sju poeng som skiller laga. Everton har ti poeng opp til Arsenal, som ligg på 4. plass, med ein kamp mindre spelt.

Wigan vant det omvendte oppgjeret i november, og har no sjansen til å ta sin første doble over Everton, nokon sinne. Det er 30km mellom laga, det er den kortaste distansen nokon lag trengt å reise denne Premier League-helga.

Vårt tips: H, vi trur fråværet av Zaki og tilstadeværelsen til Baines kan vere med på å avgjere denne kampen.

Skal Leighton Baines vere den avgjerande faktoren?
(Bilete lånt frå football.co.uk)


Manchester United – Aston Villa
Manchester United stiller utan Berbatov, som er ute med skade. Berbatov skada ankelen mot Fulham for to veker sia. Rooney er også ute med suspensjon (I tilleg til at han skal ha krangla med Ferguson. Ferguson benekte dog dette i dag). Tevez kjem derimot tilbake frå landskamp, og vil nok garantert starte denne kampen. Det er også ein del oppstyr rundt Cristiano Ronaldo, som seiest at allereie er klar for Real Madrid. Ronaldo har dog berre vore ein skugge av seg sjøl i heile år, og eg vil tru at dei fleste Manchester United fans vil vere godt nøgde med 750 millionar kroner for han. Vi i fotballg33ks ville i alle fall ikkje betalt 750 millionar kroner for ein gjennomsnittleg Premier League spelar.

Heskey er ute med skade for Aston Villa, det vil nok gje rom for at Carew skal stille på topp frå start. Kanskje saman med den unge, raske Agbonlahor? Wilfred Bouma er spelt tre kampar på rad for reservelaget, etter å ha vore ute med ankelskade i åtte månadar. Men det er lite truleg at han vil verte risikert i dette oppgjeret.

Manchester United har tapt to Premier League kampar på rad, Liverpool og Fulham. Aston Villa kjem frå eit stygt 5-0 tap mot Liverpool. Dei har altså det til felles, begge har nettopp blitt rundspelte av Liverpool. Manchester United har ikkje tapt tre Premier League kampar på rad sia 2001. Aston Villa vil gå på deira fjerde strake tap, dersom dei ryk i dag. Det har dei ikkje gjort sia 2006. Manchester United har vunne dei 5 siste oppgjera mot Aston Villa. Martin O’Neill har aldri slått Manchester United som Aston Villa manager, han gjorde det derimot to gongar som Leicester manager.

Dette blir altså eit toppoppgjer. 1. plassen møter 5. plassen i Premier League. Begge har mykje å rette på frå dei føregåande kampane. Skal dei djevlane frå Manchester slå villmenna frå Birmingham? Det gjenstår å sjå. Kl 17.00 brakar det i alle fall laus på Draumanes teater.

Mike Riley dømmer kampen, noko som kanskje betyr at United fortsetter trenden med å få utvisningar? Riley deler nemleg ut 4,75 kort gjennomsnittleg per kamp.

Vårt tips: H, vi trur ikkje at Man U vil la seg latterleggjere to gongar på rad på The Theater of Dreams.


Skal oksen frå Argentina avgjere dette toppoppgjeret?

Ingen kommentarer: