lørdag 4. april 2009

Nytt medlem i staben!

Lars Bogstad blir Admin for Englandsregionen heter det i en pressemelding i dag klokken 1600. Lars-Petter Ødegård er stolt over å kunne presentere Lars for leserne og han har ikke mindre enn fordjupet seg i de 3 første divisjonene i dag. Gi Lars en varm velkomst til bloggen!

Premier League:
Det er ein svært vital kamp for Man U i morgon. Dersom Chelsea og spesielt Liverpool tek tre poeng så er jo det for alvor kamp igjen om ligagullet. Man U er avhengige av å ta tre poeng! Aston Villa på si side har jo også ein viktig kamp, mot Man U. Dersom CL-draumen skal halde fram med å leva så må dei ta tre poeng. Stoke spelar mot West Brom og har ein god sjanse til å spele seg litt oppover. West Bromwich på si side har vel begynt å førebu seg på nedrykk, men kan jo vere at dei vil ta ein skikkeleg innspurt.

Championship:
Trillerkamp i Championship idag!
Derby - Burnley
Derby som i fjor spelte i premier league har underprestert til dei grader i år. Burnley derimot, som ligg på ein flott 5. plass er inne i ein god periode. Derby vart kjøpt opp før sesongstart og dei nye eigarane har lagt inn mykje kapital. Når skal vi få sjå resultata av dette? Vert det i dag?

League One:
Leicester - Carlisle
Oldham - Peterborough

League One såg ut til å verta plankekøyring for Leicester. Dei var i fin flyt og hadde ei stor luke til Peterborough. No derimot, har Peterborough berre tapt ein av sine ti siste kampar, og åtte av desse har vore siger. Leicester har derimot på sine ti siste kampar berre vunne tre, og hatt fem uavgjorte! Skal det verta meir spenning mot slutten av sesongen? Skal Leicester snuble frå seg sigeren?
Oldham er i frykteleg dårleg form og det ser ut til å bli ein lett siger for Peterborough.
Carlisle derimot er eit lag som plutseleg kan slå til med ein god kamp i ny og ned, til tross for at dei ligg på 19. plass. Vi såg eksempel på dette seint i januar då dei slo til med ein knallkamp mot MK Dons. MK Dons slo forresten Oldham 6-2 for
eit par kampar sia, og det er også med på å vitne at Peterborough vil få det lettare enn Leichester. Men eg trur nok at vi vil ende opp med sigrar til begge lag. Sjølv om det kunne vore spennande for oss nøytrale dersom Peterborough skulle fått teke inn tre nye poeng på Leichester!

Skrevet av Lars Bogstad

Ingen kommentarer: