søndag 5. april 2009

Luton Town - Scunthorpe m/ Kamprapport 3 - 2

Johnstone's Paint Trophy



Football League Trophy er ein cup som vert arrangert for klubbane i Football League One og Football League Two. I tillegg får nokon klubbar frå Conference National også stille.

Sia 1984 har cupen fått namn etter sponsoren. Av den grunn har den sia 2006 heitt Johnstone’s Paint Trophy.

Cupen vert frå starten delt i to, laga frå Nord-England møter kvarandre og laga frå Sør-England møter kvarandre. Slik går det fram til semifinalen. I finalen møter det beste laget frå nord og det beste frå sør kvarandre. Som oftast på Wembly. Dette er ei utslagsturnering, to lag møter kvarandre, det beste går vidare.

I fjor møttes Milton Keynes Dons og Grimsby Town i finalen. MK Dons vann denne 2-0.

Luton Town – Scunthorpe
kl 14.15 i dag møter Luton Town – Scunthorpe til finale. Då er det altså berre å benka seg framfor tv’en, nærare bestemt framfor Sky Sports 1.

Luton starta League Two med 30 minuspoeng denne sesongen. Scunthorpe ligg på 6. plass i League One. Luton er med andre ord ein soleklar underdog, der dei befinn seg 42. plassar under Scunthorpe på tabellen.

Luton ser ut til å rykkje ned i frå Football League Two, skal dei få sin hevn her? Luton Town har solgt 40,000 bilettar til kampen. Skal dei, med denne fansen i ryggen overvinne Scunthorpe, med sine 12,500 fans?

Det gjenstår å sjå! EG veit i alle fall kvar eg vil befinna meg kl 14.15!

Vårt tips: B, vi trur Luton vil verte overbeseira av overmakta, trass 40,000 fans i ryggen. Vi kan dog ikkje utelukke Luton, CUP ER CUP, og mirakel har skjedd før!


Kamprapport:

Luton: Brill, Asafu-Adjaye, Pilkington, Spillane, Emanuel, Keane, Nicholls, Hall, Jarvis, Martin, Craddock.
Subs: Button, Gnakpa, Davis, Roper, Parkin.

Scunthorpe: Murphy, Byrne, Pearce, Mirfin, Williams, Sparrow, Lansbury, McCann, Hurst, Hooper, Hayes.
Subs: Lillis, Woolford, Togwell, Wright, May.

Referee: Phil Crossley (Kent)

1. omgong

Etter 14 min skorte Hooper. Eit långt utspel frå keeper vart flikka vidare, til nemte Hooper. Iskaldt sette han ballen i mål åleine bak keeper Dean Brill. Det er Hooper sitt 30. mål denne sesongen. Det er ikkje mindre enn imponerande.
Det var veldig likt dei første 20 minutta. Men Scunthorpe står altså med eit mål. Begge lag hadde skot som vart redda på streken. Kevin Nicholls hadde ei fantastisk klarering på streken. Han viste fantastisk reaksjon då han heada vekk skotet til Henri Lansbury.

Etter 22 min ropte Tom Craddock etter straffe, det såg dog riktig ut å ikkje dømme. Han oppsøkte heilt klart taklinga til David Mirfin.

Etter 32 min kom ei kontring frå Luton. Tom Craddock flikkar ballen fantastisk til Chris Martin. Martin gjorde ingen feil. Han dempa den lekkert på brystet før han sendte ballen forbi Joe Murphy. Intet mindre enn eit fantastisk mål av Luton spissen, som er på lån frå Norwich City!


Chris Martin sender ballen vakkert forbi Joe Murphy

Slutten av første omgong var ganske jamnspelt. Luton var absolutt på høgde med Scunthorpe, og det er heilt rettferdig at det står uavgjort.

Heilt mot slutten går Scunthorpe-kaptein Cliff Byrne i bakken. Tilsynelatande utan grunn. På reprisene viser det at Craddock slår Byrne i bakhovudet. Dommaren pratar med fjerde drommar, og deretter med dei to spelarane. Ingen handling vert teken frå dommaren si side. Det var ikkje noko valdeleg slag, men veldig unødvendig.

2. omgong

Ti minutter ut i andre omgong forsøker Chris Martin seg på eit akrobatisk brassespark. Det går diverre utanfor. Fire minutt seinare set Lansbury på Scunthorpe fart innover på Luton’s halvdel. Han får avslutta innafor 16-meteren men Luton stoppar Kevin Nicholls kastar seg fram og blokkerar til corner. Minuttet etter forsøker Krystian Pearce seg med eit skot. Men det snik seg utanfor målet til Luton. Det er Scunthorpe som pressar no.

Sjølv om Scunthorpe-fansen er i klart undertal så har dei ikkje problem med å gjera seg høyrt. Det kan nok ha noko med å gjera at finalen vert spelt i heimbyen til Luton, altså London. Medan det er litt meir tiltak for Scunthorpe-fansen å møte opp.

I det 70. kjem det som har lege i lufta ei stund. Ein flott mål av Craddock! Ei vakker avslutning. Flott mål, og Luton ledar 2-1! Rossi Jarvis flikka innlegget frå høgre til Carddock. Wembly har eksplodert! Dei 40.000 Luton-fansa let seg absolutt høyra!

Scunthorpe jaktar no ei utlikning. Skal Luton verte det 3. laget som vinn denne cupen, for så å rykke ned? No har dei i alle fall sjansen til å vinne! Scunthorpe-fansen riv seg i håret å lurer på kva som skjer.

Det er ti minutt igjen av kampen og Scunthorpe treff tverrliggaren! Lansbury får ballen på fem meter og avsluttar hardt i treverket! Nærare vil dei ikkje kome!

Akkurat i det eg skulle til å skrive at Scunthorpe ikkje kjem til dei store sjansane avsluttar Grant McCann, og for ei avslutning! Ballen går rett i krysset og Scunthorpe har utlikna til 2-2! For ein thriller av ein kamp! No er det heilt ope igjen!

Vi er to min på overtid og Luton får frispark i god posisjon! Skal dei avgjere det i siste tilleggsminutt?
Frisparket går rett på keeper. 2. omgong er slutt. Det er klart for ekstraomgongar. I motsetning til tidlegare runder der ein har gått rett til straffespark.

1. ekstraomgong

Vi er i gong med første ekstraomgong. Det er ein heilt open kamp.

Claude Gnakpa jagar ein lang ball, men brukar for lang tid. David Mirfin rekk tilbake å får takla vekk ballen.

Gary Hooper kjem til ei avslutning for Scunthorpe, men den vert for svak.

LUTON! Luton ved Claude Gnakpa får avslutta, ein vakker lobb over keeper! Luton er oppe i 3-2! Scunthorpe forsvararane nølar og Gnapka utnyttar dette! Han snik seg framfor å får ein fot på ballen! Igjen eit fantastisk mål! For ein kamp vi er vitne til her i dag!

12 min er spelt av første ekstraomgong, og Scunthorpe tek eit rask frispark på sida av sekstenmeteren. Innlegget vert for svakt å går utover linja.

Ei meget dårleg klarering frå Scunthorpe-keeperen fører til at Chris Martin nesten får ein god sjanse. Men det er ein vanskeleg ball å dempe og den går utover sidelinja.

Første ekstraomgong er slutt.

2. ekstraomgong

Andre ekstraomgong er i gong. Skal Luton klare å halde unna, eller vil Scunthorpe kome tilbake, igjen?

SISTE NYTT: Vi har diverre mista kontakta til Sky Sports si livesending, men vi jobbar med å få tilbake signala!

Det viste seg at SkySports 1 valde å nedprioritere andre ekstraomgong i denne kampen. Vi er av den grunn utan bilete å lyd. Men skal gjera vårt beste for å halde dykk oppdaterte dei siste 5 minutta.

Scunthorpe keeper Joe Murphy reddar eit godt skot frå Keith Keane. Kampen er slutt om eit augeblikk. Luton ser ut til å ta det heim!

DET ER SLUTT!
Luton har overvunne den overlegne motstanden! Luton er meistrar!
Gratulerer, Luton! For ein fantatisk kamp dette har vore!

2 kommentarer:

Ruth Iren sa...

Heia Viking :D

Anonym sa...

Fantastisk spennande å lese live-kommentarane dine Bogen! Go Luton! :)