lørdag 11. april 2009

Påskeafta og Premier League

Det er laurdag, det er påskeafta og det er Premier League!

Følgjande kampar går i dag, og vi skal sjå på to av dei:

Liverpool – Blackburn 13.45
Chelsea – Bolton 16.00
Middlesbrough – Hull City 16.00
Portsmouth – West Bromwich 16.00
Sunderland – Manchester United 16.00
Tottenham – West Ham 16.00
Wigan – Arsenal 16.00
Stoke – Newcastle 18.30

Liverpool – Blackburn

Steven Gerrard er med i troppen, men det er ikkje sannsynleg at han startar. Mascherano er tilbake etter suspensjon og vil nok starte på sentral midtbane.

Roque (Rocky) Santa Cruz og Jason Roberts er begge ute med skade. I tillegg til at Morten Gamst Pedersen framleis mest truleg er ute.

Dette er ein kamp som er veldig viktig for begge lag. Blackburn slit i nedrykkstriden medan Liverpool ikkje har gjeve opp gullkampen. Blackburn er i veldig god form og har teke 11 av dei 18 siste moglege poenga. Blackburn kjem frå ein 2-1 siger over Tottenham, rett nok etter veldig omdiskuterte omstendigheiter. Liverpool kjem frå eit 1-3 tap for Chelsea på Anfield.

Ser vi på statistikken er Liverpool overlegne. Dei har berre tapt 1 av 20 oppgjer mot Blackburn i Premier League.

Vi i fotballg33ks tippar i denne kampen: H, vi trur Liverpool vil vinne denne. Dei har vist imponerande spel i mange av sine siste kampar og vi trur kanskje denne kampen kan hjelpe dei til å kome tilbake i flyten.

Chelsea – Bolton

Terry er suspendert til tysdagens kamp mot Liverpool. Kanskje vil det føre til at Hiddink brukar Carvalho ved sia av Alex, for å få kamptrening til tysdagens kamp.

Bolton har ingen nye skader og kan starte med same oppstilling som sist. Davies og O’Brien er framleis ute og vil framleis verte erstatta av Danny Shittu og Gary Cahill.

Chelsea har ikkje gjeve opp kampen om å bli meistrar og vil gå ut med vissheit om at dei må ta tre poeng. Cech uttalte før kampen at Bolton er eit skummelt lag å spele mot, fordi dei er so forskjellege frå dei sjølv. Bolton spelar veldig mykje på andreballen, og det er noko som kan gjere at kampen fort snur. Sjølv om Chelsea kanskje dominerar heile kampen.

Bolton er ligg på 12. plass med 37 poeng. Dei treng tre poeng til for å kome over den magiske 40 poengs grensa. Bolton manager Megson uttalte før kampen at dersom dei går ut på bana med trua på at dei kan vinne så er det alt anna enn umogleg. På ein god dag kan dei slå kven som helst.

Chelsea har ikkje tapt mot Bolton på ti Premier League oppgjer.

Vi i fotballg33ks tippar: H, Chelsea kjem med skyhøg sjølvtillit etter den knusande sigeren mot Liverpool på onsdag. I tillegg har dei heimebane. Vi trur nok dei vil ta denne kampen.

Ingen kommentarer: