onsdag 8. april 2009

Liverpool - Chelsea: Forhåndsomtale

Liverpool vil stille utan Javier Mascherano, som er ute med suspensjon. Lucas vil nok gå inn for han i rolla på sentral midtbane. Gerrard er endelig komt seg etter skade og Hyppia er igjen med i troppen. Benayoun, som redda tre poeng mot Fulham i helga er ikkje med i startelvaren.

Chelsea’s Drogba vil forhåpentlegvis vere tilbake etter skade. Han missa helgas oppgjer mot Newcastle med ein ankelskade, men han var tilbake på trening måndag.

Pepe Reina vil verte den første Liverpool-keeperen som spelar 50 kampar i Europacup.
Det er to veldig like lag som møter kvarandre. Benitez uttalte at dei like godt kunne avgjere avansementet ved å kaste kron og mynt. Dette ville derimot vore litt meir kjedeleg for oss tilskodarar.

Desse to laga har møtt kvarandre i Champions League før. Både i 2004-05 og 2006-07 møttes desse laga i semi-finalen. Liverpool gjekk sigrande ut av begge. I fjor derimot møttes desse laga også i semifinalen. Men denne gongen gjekk Chelsea sigrande ut etter ekstra omgongar. No er Guus Hiddinck manager, skal han gjenta bedriften frå i fjor å sende Chelsea vidare?

Dette er 23. gongen desse laga møtes dei siste fem sesongane. I år har Liverpool vunne begge oppgjera, men Chelsea ledar 9-7 dersom vi ser på dei siste fem sesongane. Seks av kampane har vorte uavgjorte.

Steven Gerrard er saman med Miroslav Klose toppskorar i CL med sju mål. Dersom han skorar tre mål i dag vert han den engelske spelaren som har skora mest mål i Champions League. Dette er pr i dag Paul Scholes med 21 mål.

Eg trur at Gerrard og Lampard vil vere nøklane i dette oppgjeret. Begge spelarane betyr enormt for sine respektive klubbar og begge har evna til å avgjere kampar. Drogba har skårt i Chelsea sine tre siste CL kampar, skal han gjere dette igjen? Det gjenstår å sjå! Kl 20.45 brakar det laus på Anfield Road. Då skal Chelsea jage bortemålet, medan Liverpool skal sikra seg ein siger.



Dette er to spelarar som heilt sikkert vil verte viktige i oppgjeret. Duellen Gerrard vs. Lampard.

Vårt tips: H, vi trur at Liverpool vil vinne denne kampen. Dersom dei skapar like mykje sjansar som dei gjorde mot Fulham, og vert litt meir effektive trur eg det skal vere det avgjerande. Vi vil derimot på ingen måte avskrive Chelsea. Kanskje kan dei, med Lampard og Terry i bresjen overraske oss?

Etter kampen:
Som på biletet over kunne Lampard gå med meir heva hovud enn Gerrard etter kampen. Det var ein begredeleg kamp frå Liverpool si side. No må dei til Stamford Bride å skore minst tre mål. Vi vil kome tilbake med meir rundt den saken neste veke.

Ingen kommentarer: