torsdag 15. mai 2008

Torsdag natt - Hendelsesforløp

Eg er trøtt og kjedar meg. Difor skal eg prøve å skive ned det meste av den neste halvtimen. Enjoy!

I skrivande stund sit eg, Andreas Ingve, Ruth Iren og Elisabeth på ferga M/F Volda og kosar oss. Klokka passerte nettopp 04.58 og vi er dei einaste som enno er vakne. No gjekk dei for å hente kaffi til seg sjølve. Men sidan eg ikkje drikk slikt skvip, så sit eg her og skriv på pcen til Gard i staden. No lenar Sandø seg over meg og slurpar i seg den lunkne kaffien.

Akkurat no gjekk ferga inn i ein slags turbulens: "hump" "hump" "hump" "hump". Sandø held på å skvette kaffi på dataen til Gard, og både Cathrine og Mariann vakna. Det var litt morosamt. Ruth Iren seier at dei trygt kan sove tre kvarter til. Ole Petter driv å rullar fram og tilbake opp på stolane. Eg trur han óg kjende den kraftige smellen eit par minutt sidan.

No ligg vi til kai på Ørsneset og det ligg ein heftig tåke over Sykkylven.

"Ka klokkå e?" bryt det ut ifrå Ole Petter. Han er tydelegvis misnøgd med å bli vekt no, og stirar tomt utover rommet. Han ser heeeilt fjern ut. I det samme kjem det ein skummel mann med bart inn.

"Karr e Ruthi?" Spør Ole. "Ho e på toalettet." Seier Elisabeth.
"I Frenå har dem ikkje dass!" Seier Ole Petter. Han er visst ikkje heilt med.

Vi høyrer ein svak lyd som etterkvart blir høgre og høgre.

"Magne Hoseth, Magne Hoseth....ååÅÅåååÅÅåå....Magne Hoseth..."

Ole Petter er komen tilbake frå toalettbesøket.

Gard ligg og breiar seg i midtgangen slik at billettøren må skreve godt over. Vi er nett komen til Magerholm og Sandø tykkjer det er få bilar i køa. Den skumle mannen med bart gjekk av ferga.

Klokka er 05:24. Noko seier meg at dette kjem til å bli ein hard skuledag....

10 kommentarer:

Ruth Iren sa...

Eg drakk ikje kaffi, har jo slutta me sånnt eg vettu :)
Me har d nå koseligt her då.. Husk at me spelte alias tiligare i dag, d va konge d :D
Nå nerme me oss slutten på båd-turen vår, nesten litt trist..

Sniff Sniff sa...

Haha.. brutalt å stønne etter han Magne Hoseth i søvne!!

Du heise me køl... (so dei sei på Vatne)

Cathrine sa...

Haha! Lol! Men kræsja ikke ferga? Eller var det bare turbulens? Jeg var sikker på den kræsja!

Anonym sa...

haha,LOL! sa ikkje toalett, sa dass:)

palmakristin sa...

herligt :)ej e jo ikkje nevnt engang:s

Jan Magnus sa...

Noko seier meg at du er ein sløvpeis som ikkje gadd skulen i dag. Nei og nei.

Anonym sa...

PK: Nei, du og Sindre sov på andre sida og derfor va dokke ikkje med på det som skjedde der og då :P

Jan: Saklig at den verste slasken på Dregetua skal kommentere at ej forsov mej til 4 tima etter å ha døgna 2 gonga på 3 nette. Hadde kunna sovna i fanget på kem som helst i personalet L-E-T-T :P

(Btw. Glad ej ikkje gjor det)

Alle andre: Ej va so trøtt på det tidspunktet at det kan hende ord som "dass" blei forveksla med "toalett", eller at Ruthi ikkje drakk kaffi...

Beklager det :)

Anonym sa...

Gååå for gull, gå for guuull,
gååå for gull!

Gå for gull, gå for gull, gå for gull, gå for gull, gå for gull..
Gå for gull!

Maaagne Hoseth, Magne Hoooseth...

Anonym sa...

Du skriver morsomt =P =)

Anonym sa...

Ingenting nytt etter 15.mai? Korleis går det med Fergemisjonen?