Dag 2 (Valldal): I Valldal skulle vi møte opp på Hydro Texaco og finne Aslaug som skulle skaffe middag til oss, og Gunnar som var forkynnaren vår. Ingen av dei var særleg presise, men etter ei 15-20 minutts venting kom iallefall Gunnar, og turneén kunne starte!
Aslaug kom slentrande etter og tok oss med til nokon kjempekoslige folk.
Ei dame i 70-åra som kokk, og ektemannen hinna som kelner.
Den finaste kvitduken pryda bordet som var dekka slik at vi følte oss mest som
om vi var statsregentar frå eit eller anna land. Kjøttkakene var himmelske og
det same var resten av maten. Det var ikkje måte på kor dei hadde styra.
Etterpå fekk vi den beste riskremen iallefall eg hadde smakt. Nydeleg måltid var det.
Så bar det av stad til møtet, som gjekk litt trøblete, sidan dette var fyrste møtet vårt åleine, men
vi fekk stabla på plass littegrann iallefall. Dagen etterpå tenkte vi at vi skulle reise på bowling. Vi sto opp i høveleg tid og reiste ned til bowlinghallen.
Mandag: Stengt
Tirsdag: Stengt
Onsdag: Stengt
Torsdag: Stengt
Som de kanskje skjønar, så vart det ikkje noko bowling på oss. Ikkje var det noko toalett å finne heller i Valldalen. Alt(!) var jo stengt. Vi bestemte oss derfor for å reise til Tafjord, og urinere i frå Nordal kommunes kanskje aller største severdighet: Zakariasdammen.
Kanskje vi no innehar rekorden for "lengste urinering i fritt fall frå offentleg bygg"?
Kven veit....
Dag 3 (Stordal): I Stordal, eller rettare sagt, på Dyrkorn, overnatta vi hos meg.
Eyvind hadde kjøpte DVD og vi kosa oss med godis. Vi spelte også bilspel på x-box, og ironisk nok kom sjåføren vår, Andreas, på sisteplass, og vart dermed kåra til russeturnégruppas dårlegaste sjåfør. Ganske skremmande i grunn.
Bilda er tatt om morgonen utanfor huset mitt....
Dag 4 (Sylteosen): Ingen av oss visste kvar Sylteosen låg på førehand, men Gunnar kjenner heile fylket ut og inn, so han vart vegvisaren vår i dag. Sylteosen gjekk over all forventning, og vi hadde eit kjempeopphald der. Vi vart tekne godt i mot av dei andre ungane på garden, og vi spelte både Uno og skaut med luftgevær saman med dei.
I tillegg fekk eg for fyrste gong i laupet av turneén, gleda av å ligge i dobbeltseng med John Inge.
Det einaste eg fann negativt, var at alle dører og opningar var latterleg låge i det 150 år gamle huset.
Det var nesten so eg fekk låkt i nakken av å gå ei runde inn og ut. Tanken slo meg; Var alle ein halv meter kortare på 1850-tallet?
Dag 5 (Eide): Her var utan tvil den beste senga på heile turneén. Hos gode gamle Fridlaug. Den var himmelsk!
Utruleg fælt å måtte stå opp klokka 07:40 då, for å rekke ei ferge til Åfarnes...
Men men...litt må du ofre når du er ute på tur.
Dag 6 (Åfarnes): Vi gjorde ikkje so mykje på Åfarnes. Vi spelte kort med barnebarna til Kristian og Jorunn som vi bodde hos da iallefall.
Her er lagvennina mi. Vi var best!
John Inge var vel ikkje like nøgd med sin lagkamerat...
Dag 7 (Skodje): Vi planla å bowle i Tomrefjorden, men då vi kom fram dit.....
Stengt....
Dermed bar det rett til Skodje, (heimbygda til Gunnar), for å få middag og seng for natta. Eg og Andreas fekk i tillegg grandiosa til kvelds med "vår" familie... haha...
(Og så er eg tvungen til å seie at vi møtte Ruth Iren her på Skodje. Det var kjekt.)
Dag 8 (Misjonssalen, Ålesund): Dette var stoppeplassen i år. Eg har hatt det utruleg kjekt, og har óg blitt styrka i trua! Dette var kjempekjekt!!!
8 kommentarer:
Du glemte å skrive at jeg er turnéens beste skytter!
Ditta ekje godt!
Haha...
Berre innrøm det, vi sugde ganske hardt alle sammen :P
Ken so gidd å bowle i TOMREFJORDEN!?!?
hehehe..
gøy turné dåkke he. Ka so va di rolle? Vart det sang og stev eller ka?
Presentere misjonsprosjekt og av og til halde opning....
Og Tomrefjorden Bowling va ikkje min idé :P
Fekk forresten helsinga di frå Molde. Kjekt å høre at du va på møte =)
Så morsomt å lese!
Høres ut som en flott tur da... Alltid godt med sånne type turer! =)
Men duu, hvor høy er du..?? *lurer på om jeg hadde kommi gjennom døra*
*uten problem og kanskje* (A)
Fra *Miriam* forresten!
Så vant til å bruke Mimi som kallenavn på noen sider =S
1,94...
Men den va lavare enn den ser ut som, og dessuten når haudet mitt opp i taket på det bildet der....
Dverghus.... =)
=P =) Men da passa jeg kanskje inn gjennom dørene uten å dukke? Jeg er 1,64...
*tenker på hvor mye plass som skal til...*
Legg inn en kommentar