fredag 4. januar 2008

Nyttårsfeiring og ymse....

Mitt 2008 har nyleg starta, og her skal du få eit par "glimt" av det eg har gjort på i det siste.

Det nye året starta ganske friskt på en knaus i Ålesund, der vi fekk med oss omtrent alt som skjedde frå aust til vest. Det var eit fyrverkeri av ein kveld. (Haha!)
Saman med nokon ivrige småbarnsfamiliar sto vi der oppe og beskua nattehimmelen, som var full av nødbluss, mens Christian febrilsk prøvde å 
få med alt på det nye kameraet sitt. Palma Kristin bevæpna meg forresten med eit stjerneskot, noko som skulle vise seg å ikkje verta eit sjakktrekk 
av den ellers so gløgge ulsteinjenta.


Mari og PK med stjerneskot

Heime har eg stort sett vore inne å terpa på orgelakkordar. Med mykje øving, og med litt hjelp frå Terese, meistrar eg no 3 forskjellige hillsong-songar rimeleg bra  =)  

Elles, har eg stadig vorte avbrutt av gardsarbeid, kor eg hovedsakeleg driv med plankestabling. Det er kjedeleg, og ikkje minst kaldt! Men har du med deg digitalkamera med sjølvutløysarfunskjon kan det bli nokså gøy allikavel. Dessutan får eg løn, og det gjer jo saka til ein heilt annan.
 

Her har du "eit lite stykke Bjartne"
i den flotte kjeledressen sin!

Vil nytte høvet til å ynskje deg eit godt nyttår! 

 

7 kommentarer:

Cathrine sa...

Ser ut som du har hatt en flott ferie Lars-Petter, godt nytt år:D

palmakristin sa...

ikkje et sjakktrekk? de va jo god underholdning :)

Anonym sa...

Fekk du egentlig med dej ka so skjedde med det stjerneskuddet? :P

Sniff Sniff sa...

Gøtt nytt år gamle bardun:)

Ruth Iren sa...

Ka skjedde me d stjerneskudde?
Ser ud t at du har hatt d fint i ferien :) konge d!

Anonym sa...

hehe, sånn kan det gå:) hadde det vært småongene som hadde gjort det så hadde det vært forståelig, men du bjartne!:)

palmakristin sa...

nei, men ej fekk ei go gjenfortelling å lo voldsomt, so for mej va de altså go underholdning :)